Om festivalen

MOTORFEST MIDT I SETESDAL FOR HEILE FAMILIEN

Dette er eit arrangement der motorinteresserte og entusiastar samlast frå heile Sørlandet i flotte omgjevnader mellom fjord og fjell på Ose.

Dersom du er interessert i alt som har med motor og køyretøy bør du ta turen til Reiårsfossen Camping. Der kjem bilar, MC/ mopedar, båtar, fly, helikopter, lastebilar, traktorar, stasjonære motorar med meir! 
Det kjem gamalt og nytt, noko for ein kvar smak.

Aktivitetar og underhaldning for små og store på dagtid. Det blir show med snøscooter og båtar til vanns, fly og helikopter i lufta, turtall og hopp i enduroløypa for å nemne noko.

Det blir ikkje bare show og underhaldning denne helga, men Ose Motorfestival´s eigen marknadsplass, Kremmartunet- der ein kan få kjøpt blant anna kortreist mat og produkter frå lokale aktørar og bedrifter i Setesdal!

Med artistar som Sordal med band, Popnagel,  Linda Gail Lewis, Otto and the Family og Syvert Dale and the wheelnuts, vert det ikkje anna enn knall god stemning og livleg musikk på fredag og laurdagskveld på festivalområdet!