Utstillere

MOTORFEST MIDT I SETESDAL FOR HEILE FAMILIEN

Har du eller nokon du kjenner eit kjøretøy eller liknande som bør vises fram i sommar!??

Utstillarar er for alle som har eit eller fleire utstillingsobjekt dei ønskjer å vise fram på utstillingsområdet på dagen. Ose Motorfestival ønskjer å ta i mot så mange som råd som kjem med utstillingsobjekt, ingen avgrensing om det er nytt eller gammalt. Om du kjem aleine eller saman med ein klubb, så vil det vere gratis inngang på dagtid og parkering blir inne på utstillingsområdet. Her vil det vere høve til å kome og gå som ein vil.

Om du har noko du ønskjer å stille ut, ta kontakt på;
post@osemotorfestival.no eller ring 905 61 367

 

KREMMARTUNET
Ose Motorfestival´s marknadsplass

I år ønskjer vi å invitere lokale aktører og bedrifter til å selge varer/ produktene sine på Kremmartunet!
Me ynskjer at det skal vere ein marknadsplass med salg av varer som er av kvalitet og ikkje loppemarknad, og ber om forståing for at vi ikkje ønskjer sal av serveringsklar mat og kaffe, då det vert seld i regi av arrangørane.

Fredag 10.08 kl. 12.00 – 18.00
Laurdag: 11.08 kl. 11.00 – 17.00.

Pris for stand:
3 x 3 m: 400 kr
3 x 6 m: 700 kr
straum: 100 kr
Prisane gjeld begge dagane. Ønskje om straum må presiseres ved bestilling.

Ta kontakt for interesse med Anne Siri tlf. 901 64 662, eller Anne 915 65 673.

For påmelding: post@osemotorfestival.no